1. LyricsPond
  2. Vestland,Vestland
2008-12-11

Vestland,Vestland

(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter) Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik Med fagre fjell og fjord og tronge vik. Det stig i all sin venleik stort og vilt Og atter møter meg so mjukt og mildt. Og gleda strøymer i meg still og stor med glans av bjørkeli og blåe fjord Og i meg sjølv eg kjenner dypter av den stille skogen og det store hav. Min lette båt ein solblank kveld eg ror, sjå fjell og himmel sym på stille fjord og djupe dalen med sitt grøne fang, som skin av lauv og blom frå li og vang. Sjå skuggane som kliv dei kva*se fjell lik dagsens timar tøyer seg mot kveld Det sveiper seg om tind og tronge dal eit draumeslør av sommarnatti sval

  1. Innerst I Sjelen
  2. Solitare
  3. Varen
  4. Vestland,Vestland
  5. Vite Lux
  6. Koppangen
  7. Oh Mio Babbino Caro
  8. Se Ilden Lyse
  9. Kjaerlighet
  10. Where The Lost Ones Go
  11. Mitt Hjerte Alltid Vanker
  12. Molde Canticle
  13. Eg Ser